Det sloknar, det sloknar i fjell og i tind,
det sloknar i alle nutar.
I haustbleik draum sveiper jordi seg inn;
dei bleiknar, dei gamle gutar.
Det myrknar, det myrknar i lidar og lund,
det myrknar paa alle vegjer.
Alt myrknar i haustkveldens solargladstund;
naturen i kvild seg kvikar.
Du Gud, som gjev ljos etter myrkaste nott,
fred etter otta og sut.
Eg vil senda ei bøn til dit solljose slott,
ei bøn fraa din ringaste gut.
Eg vil lauga mi sjæl i din kjærleikes straum,
no naar natti og myrkje kjem paa.
Eg er nett som eit vrak i ein fossande flaum,
um eg hjelpi di ikkje kan faa.
Det sloknar, det sloknar, det siste haap,
kvar lysande von sloknar ut.
Døyp meg i kvilens og kjærleikens daap,
ver hjaa meg i myrkret, min Gud!