Eg ser deg titt, min arme ven,
paa vegen fæl og lang.
I togn og tolmod gjeng du bøygd
din tunge marty rang.
ig ser, du bøygjest hardt mot jord
alt under krossen tung.
‒ Og aldri fær du sitja ned
og kvila deg ei stund.
Med tunge steg ‒ baad dag og natt
du dreg deg stilsleg fram.
Du søkk ikne, du uppatt kjem
og gjeng ‒ du er ein mann!
Du veit, at eingong naar du fram
med byrda tung og fæl.
Daa bytast naud for kvile god
i daudesvemnen sæl.
Sjaa alle fær sin tunge kross
‒ det er no laga so. ‒
Hald ut, min ven! Snart sig du gløymd
i togn og gravstill ro