Eg ser – –
Visnande blomar,
bleiknande vollar,
skjelvande haustsol
um draumslørde kollar
– døyande venleik.
Døyande venleik i lid og lund
– brestande draum.
Sorgtyngde smil paa liljurs munn,
veiftande veng; kvervande burt i skoddeflaum
– døyande venleik.
Du fjell, du fjell, du er vorte so bleikt; –
var det natti, som tok deg?
var det dagen, som sveik?
Eg ser – eg ser – –
Skog, du skog, som fyrr var so full
av angande blom, av doggperlegull –
no er du so undarleg myrk og tyst?
Er det haustkalde natt, som hev blomarne kyst?
Er det svidande vind, som hev herja og øydt
venleiken din, døyande sumar?
Aa, Herre min Gud, eg gaar her so trøytt!
Eg vil bleikna med deg eg, sumar sumar.
Eg vil flengjast av stormar og piskast som du.
– Eg vil døy i ditt fong.
Gløyma i vinternatti mi gru,
vakna paany under vaarsol og song.
Ja vakna or myrkre, or tvil og sut
– vakna paany!
Kvit og rein og ljos som ein gud
– i morgongry,
ja i morgongry. –