Der kveikjest i livet ei daarande von
som blenkjer paa himlen av glitrande ljon;
‒ me spyrr, kvi det kjem, og kvi slokna det maa,
men nej! det kan ingen i grunnen forstaa.
Slik er det med livet. Det er som høy;
ei solstund det lever, so lyt det døy;
ja rett som det blømer som alra best,
kjem dauden og bjoder seg sjølv til gjest
Me hev slike voner for livet oss gjort.
Me trur, det skal veksa seg fagert og stort
Men best som me ventar, at lukka kjem,
stend dauden og vinkar attved vaar seng
‒ Stend dauden og vinkar og scier blidt
no er det nok ute med livsljoset ditt,
no kjem eg som bodsvein og hentar deg att
fraa livet det klaare til løyndom og natt.
Me sliter i bandet og vil ikkje med;
me klagar og klynkar og lovar og bed;
me livde kje so, som me rett hadde meint!
daa svarar han lognt: no er det forseint.
Slik tek han det, dauden, hin tagalle gjest;
han ansar kje yrkje, han ansar kje fest
han finn oss, han tek oss, kva time han vil.
fraa livet det kjære til gravhaugen still.
Sjaa blomarne visnar, og lauvet fell.
Paa klaaraste dag fylgjer skoming og kveld
‒ Ja alting, som lever, so er det som høy,
det spirer, det blømer ‒ og so lyt det døy.