Det voggar ein baat utpaa havet:
han hastar so snøg ifraa land.
lig trur, at den baaten gjeng under
i havbraatt og bylgjebrand.
Det larmar so fælt uti skjeret;
det kokar um Prestemann-stein
Det glefser med dauding-tenner
og gnikar i skrinne bein.
Og durande villt bryt havet
med dyn over glinsande Hest.
‒ No flettar nok havfru so løynleg
ein likkrans aat komande gjest.
Eg tykkjer at langt uti brottet,
der sigler eit manna-lik?
lig tykkjer, eg høyrer i natti
ein havmann som vonlaust skrik?
Ha, ha! Eg er sjølv den baaten
som voggar paa villan hav.
lig styrer min veike planke
og spottar mi opne grav.