Aa nei, aa nei, kor snjo og is kan glitra
og løyndomsfulle skogen fagert blaana.
Aa Gud, kor fjell og dal og li kan sitra
i ljos fraa stjernur, sol og maane!
– Det lær so mildt fraa kvar ein nut,
det kvitrar vent fraa kvar ei grein:
Kom ut, kom ut, du trøytte gut,
so vert du glad og rein!
So gjeng eg ut og laugar meg
i snjo og maaneskin.
So vert eg ung og ven og fjaag
med raudleitt rose-kinn.
Aa nei, aa nei, at verdi lel
sku verta som eit dikt!
– Og eg, som hadde trutt so fast
paa dekadence, gikt og slikt!
No vil eg aldri meire burt
i vonlaus skuggedraum.
No vil eg leika, leika inn
i ljos og tonestraum. –
Aa nei, aa nei, kor himmelblaatt
kvart auga lyser, blinkar.
– Det er, som heile, heile verdi
stend i smil og vinkar!