Litla, bleika Anemone, du og eg er gamle Viner og eg trur min Songartone, du fraa gamle Dagar kjenner.
Mangein Gong i Bakkahallet smaasong eg ved Solargladet og i Plugt med Kjeldefallet aukad Elsken, minkad Hadet.
Lær meg Blom, som du at bøyga stilt mitt Hoved so eg taaler alt, kvat vondt eg fær at døya av dei kvasse Livsens Naaler.
Men lat Angat stendigt stila etter Ljos fraa høgre Strender, der, kor Engleaugo smila, der, kor Strid til Kvild seg vender.
Stilt du stend i Livd av Steinar, men du bljug og blaaøygd tirer. Aa, eg ser, du myket meinar, – høgt dei ljose Augo stirer.
Gøym det væl, mi Anemone, gagnlaust er det til at tala der kor ingen paa vil høyra, – drøym det stilt, det best vil svala.
Gamle Blaahatt skynar litet, kvat ein Blom som du hev inne; endaa minder hev av Vitet Burknen med sitt myrka Sinne.
Difyr er det vel du græter, stilt og taalugt Halsen bøyger, naar i ljoss Sumarnæter svale Vinden lint seg smøyger.
Anemone, vil du flytta heim til meg og faa ei Torva anten i eld” attmed Hytta? Trur du inkje det vil horva?
Eg skal høyra paa kvar Segni, som du berre fram vil bera; – aa, me vilde av kvarandre mangt og myket faa at læra.
Daa kvar Kveld eg aat deg synger, det vil jaga myrka Stunder, og kvar Stein, som Bringa tynger skulde fly fyr glade Lunder.
Hausten kjem, du lyt deg gøyma, – daa vert kaldt paa villa Marki, – fyrr, daa Regnet tok til strøyma, gøymde Duva seg i Arki.
Cookies on Poetry Cove