Skip to content
1847–1894

Hardingfela

Olav Lofthus

Hev du høyrt ei Hardingfela laata? Hev du høyrt, kor ho kann læja, graata? Hev du høyrt i kaatast Springelaaten desse Underdrag av tunge Graaten?

Hev du seet paa Golvet Lyden dansa, so dei snaudt nog meir seg sjølv kann sansa? Hev du seet kor Gjenteflokken undrad, daa dei høgste Kast i Biten dundrad?

Ja, du kann tru, at Spelemannen traatt kann hava myket røynt i Danselag, naar tidt han spelte ut den heile Nott og endaa turad med til langt paa Dag.

Ein gamal Spelar sat vel mangei Nott og skapte Liv og Lyst i Ungdomslag. Med djerve Halling, kaate Springeslaatt or Bringa jagde baade Sut og Gnag.

Aa, der er Kvild i desse Gamles Spel, og det fell mjukt og fint som Kvendehand, og upp det lyfter baade vænt og vel, men med ein Snev av Sorg so liten Grand.

Ja det er Malmen i eit Feletak, at det kann blanda ymse Kjenslor hop, at det kann kvekkja deg med Bringeskak og so med sama ropa Glederop.

Naar ein er ung og kann sitt Bogadrag, so er det altid meir av Storm og Draum, med større Brjoting millom Nott og Dag og meire Driving paa hans Tonastraum.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Hardingfela · Olav Lofthus · Poetry Cove