Aldri eg gløymer deg, gamle Ragna,
som hadde so myket aa segja meg.
No erf'dei skjelvande Lipporna tagnad
og gamle Ragna er gjengi sin Veg.
Ho gjekk so tidt, og eg med fekk vera
til Hulder og Jutalens gilde Heim.
I sine Segner ho kunde bera
ein med seg burt i sin Tankesveim.
Ein totte, at alt laag klaart fyr Augat,
naar Ragna fortalde sitt Eventyr.
So mangei Saal, som var turr, vardt laugad
av hennar Segner um Folk og Dyr.
Kunde so sant eg Segnerna minnast,
so vilde dei fylla ei diger Bok.
Eg graata laut, sku' dei meir ei finnast,
og med seg i Gravi ho Resten tok.
Takk fyr kvar Segni daa, gamle Ragna;
du hadde so mangt aa fortelja meg.
Segnerna liva um du er tagnad,
og liva, det skal dei til Minne um deg.