Skip to content
1847–1894

Eit Livsbilæte

Olav Lofthus

“Aa Gud ske Lov, no vert det Vaar,” sa Gjenta, ho var sekstan Aar. “No blømer det i Dal og Lid, og Soli skin'er blank og blid;

Smaafuglarne av Sæle kveda, og Jordi drøymer bert um Gleda.” “No stundar det til Sumars Bil.” – Skal tru, kven Gjenta velja vil?

Ho veit det godt, og Hjartat slær so varmt, naar han ho møta fær. Til Vaaren stend ho under Kruna med honom i sin Brudebunad.

Det haustar snøgt. Det ljose Haar er graasprengt alt av Livsens Saar. Dei tvo ber saman mangei Byrd; men no vert Foten trøytt og styrd.

“Skal tru, at ikkje Vegen sletnar litt lenger fram, og Livet letnar?” Men seint den lange Vinterkveld ho eismal sat ved Aarens Eld.

Den trugne Mann seg kvila fekk, og Borni ymse Vegjer gjekk. “Aa gjev, eg snart so langt kann vinna, at honom atter eg kann finna.”

So tek ho fram si Bibelbok og les, kor Herren ofte skok og refsad dei, han elskad mest: “som Gud det lagar, er det best.”

Det stormar ute; hennar Hjarte i Fred hev Syner fagre, bjarte. Den gamle Mannen, ho grov ned, er atter ung i Himlens Fred.

Ho ser, at han er velsedd Gjest i Himmelrikets store Fest. Han smiler ned og retter Handi: “takk, Gud, no losnar siste Bandi.”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Eit Livsbilæte · Olav Lofthus · Poetry Cove