Skip to content
1846–1916

Ungdomsreisingi

John Lie

Aa, Noreg, du er rikt Paa Folke-Stev og Dikt, Dei lite kved; Eg prøva mangei Gong

Aa vekkja upp til Song Den Dalen still og trong I tungsint Fred. Aa, Noreg, du er rikt,

Du eig so mange Dikt I Dal og Lid. I Foss og Elvar-far, I Fjell og Fonn og Skar,

I Skog og gjæve Gard, I Blomen blid. Aa, gjev no eingong Gaum Paa denne Toneflaum,

Som fordum fór Med Magt fraa Mann til Mann, So det i Hjarto brann, Og dei i Striden vann

For fedra Jor. Ja, Norig, du er rikt, Gjev inki Ryggje-Svikt, Statt som du stod,

Daa Harald, Haakon vann, Karl stupa, Halden brann, Og Skarv og Uvensmann Seig ned i Blod

No yver Norigs Heim Ein friske vaarleg Eim Eg ser der sviv. Eg er som fuglen glad,

No skyter Blom og Blad Og frugt i rike Rad Av Folksens Liv. Aa, syng i Hytta trong

Den gamle, gjæve Song Som gleda Far! Det kveikjer Magt og Mot, Det styrkjer Arm og Fot,

Nytt renn av gamal Rot Til Pryd i Gard. No kringum Norigs Land I unge Møy og Mann

Ein Loge brenn For rett og fant og godt, Og reiser, traass i Spott, Seg Samlingshus og Slot

I Bygd og Grenn. So Haralds Verk paany Seg høgnar imot Sky I Solar-Brand.

Ein hugfrisk Ungdom stend Snart i kvar Bygd og Grenn I Kjærleik-Loge tend Og byggjer Land.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ungdomsreisingi · John Lie · Poetry Cove