No trør eg atter kjende Fotefar: Her eg som liten Gute sprang og gjætte, Der stende Roanfjell med Tind og Skar, Eg her innunder leika meg og kjætte.
Sjaa der er Molt-Myre der eg hæmde Og plukka Moltur upp i Skrukka mi; Eg minnest eigong Bamsen stygt meg skræmde: Han braut og belja nedi Berstøyl-Lid.
Her stod ei krongle-Fure breid og briska – Aa jamen trur eg at ho enno stend! Og der er Tjønne, der eg sat og fiska – Aa ja, her er eg med kvar Steine kjend.
Her sprang eg eigong leita, kalla, fraus, Ein nye, fine Knive burt eg Iova: Eg Gjeite “Sprekle” fann i Berge-Klova, Det var med arme Naud eg fekk ho laus.
Her fyke Rjupur og her kaklar lomar, Og Graset lyser grønt ved Fonnê kvit, Her angar godt av feite Gras og Blomar – Det er ei Helsebot aa koma hit.
Og denne Mose-Duken fin og mjuk, For rike Fargeskifte i den Veven! Kunst-Ty mot dette kjennes grovt i Neven, Kunst-Fargen er mot Livsens Lit-Bragd sjuk.
Her saag eg ofta Ørnê upp i Sky, Paa breide Vengjer ho seg hugheilt vogga, Eg fylgde med burtyver Flæ og Fly, So kaat og yr at ingenting meg stogga.
Her vart eg Diktar, høgt flaug Tanken min Lik desse Fjell, som seg mot Himlen tøygjer, Eg vilde like lukt i Himlen inn Med Magt og Mod som aldri unda bøygjer.
Her vart eg Diktar, Vatnet lik som laag I Middags-Solê dape-stilt og blenkte, Mi Sjæl avspegla alt eg kring meg saag, I Solar-Glans stod Tankarne eg tenkte.
Her vart eg Diktar, mang ei fager Song Eg upp paa desse slette Sva-Berg rita – No finnst 'ki Taven att av det eigong, So kva her stod, det fær no ingen vita.
Cookies on Poetry Cove