Aa Mor, for kvar ei Gong eg laag Paa Armen din so glad og fjaag, For kvar ein Barne-Sull Du sulla med dit Maal so vent,
Gud gjev deg, naar du ut hev tent, Av Sæla Himlen full! For kvar ei Gong du fyr meg kvad, For kvar ei Gong du fyr meg bad
Og letta meg min Veg, For kvar den tunge Byrd du tok, Kvar Gong du las or Livsens Bok – Gud evig løne deg!
Dit Smil gav Ljos i Stoga trong, Og Hugnad gav di fagre Song, Kor var der godt og varmt! Um du var burte bær' ein Dag,
Daa ingenting me fekk i Lag, Men alt var audt og armt. Du ha ‘ki myki taka av, Din Elsk og Tru eg meiner gav
Til Underverk deg Magt, So alting rokk ihopes greidt, Aa ja – til alt dit Verk eg veit Gud ha si Signing lagt.
Der kvad du med dit mjuke Maal, Og bruka flinkt og trutt di Naal, Og saag til Hus og Fjos. Kor trøytt du var, du smilte glad,
Og turre Grein skaut Blom og Blad I kjærleik-varme Ljos. Eg aldri trur din Like fans: Dit klaare Vit, din ædle Sans
For alt Slag vent og godt; Og dine fine Anlitsdrag Og ferme Gong og Fagtelag Ha høvt seg til eit Slott.
Og Slott vart minste Hus paa Jord; So snart ho bare var der, Mor, Daa blenkte det og glein I Stoga som eit Eventyr,
Og Lauv og Blomar kringum kryr, – Ja graae Steinen skjein. Gud sign di gode, glade Aand! Gud sign di troga, fine Haand!
Aa du, kor vel eg minns I Klædeplagg, du sauma ha, Me, Borni, stolte, glade var Meir enn den høgste Prins.
Og rett i Joli, naar du sat Ved Bordet duka, fullt av Mat, Og me sat rundt i Ring! Dit Auga straala som ei Sol,
So vent fyr meg som slik ei Jol Er ingen Verdsens Ting! Eg gjøymer fine, kvite Lin Som største Heilagdom i Skrin –
Du heve sauma det – Breid det paa Bringa mi den Gong De bere meg med Bøn og Song Og grev i Gravi ned!
Eg trur alt godt som finst i meg, Det alt eg heve ervt av deg, – Gjev eg den dyre Arv Maa auke, hegne, verje um,
Og eigong syne deg ein Sum, So du ‘ki blygjast tarv!
Cookies on Poetry Cove