Lang-Aslak skulle du ha set, Han nemndes for ein Buve, Eg tykjest sjaa'n, lær meg mett, Det var ein snodig Skruve.
Han Tobakk togg og hadde Skjegg, Som rokk nedyver Bringa, Og Fillur slang kring Arm og Legg, Naar han paa Golvet svinga.
For du maa vita han var fjaag, Og glad i laake Lagnad. Kor blankt og godt hans Auga saag! Kor vent han Bornê fagna!
Og Nose bjuge og haag, Og raude som ei Rose So full av Snus, at naar eg saag Den Nose laut eg njose.
Der sat han ven og varm og god Kvar Kvell naar Tyrê loga, I Ijose logne Skorsteins-Kro Og sagde os ei Soga.
Han aatte nok av Sylv og Gull I sine Berge-Salar Og Slott og Gardar Tylfte full I Liar, Berg og Dalar
So mang ein Riking fraus og svalt og etter meire stunda; Han saag og naut i Gleda alt, Og sat der halvt og blunda.
Den Ting paa Jordê inki fanst Som han skull vera rædde. Han trødde hugheilt Livsens Dans, Aat Rang og Rikdom lædde.
For korleis Eventyret falt Tilslut det godt seg snudde; At han ha vore med i alt, Det vist og sant han trudde.
Han gamal vart, og alle maa For Sot og Alder dovna, Hans Soga vart det Ende paa, Og han i Danden sovna.
Kor saart me Bornê gret den Dag, Daa han for Hel-Sot bugna. Hans varme, rike Hjartelag, Eg minnes meg til Hugnad.
No hev han lagt si Fille-Byr, For Augo honoms blenkjer No visst hans beste Eventyr, Eg stundom fite tenkjer.
Cookies on Poetry Cove