“Du gjenge heime, sviv ikring aa svive, Du finne Bygdê, Heimen, lei aa kei, De daglegdags ‘ki lenger Hugjen live, Du lengtar ut i Verdê vi aa brei –
Aa so ein Dag du Stav og Skreppe trive, Du by Farvæl, so ber de langt av Lei: Burtetti ligg i Sol-Ljos alle Toppar, Du kjenner deg so gla at Hjarta hoppar.
“I Høgdê ber de yvi Dal aa Rindar, Du ser utyvi langt, aa pustar fritt, – Aa upp' i Høgdê blæse ville Vindar, D’æ alting stort aa sterkt, men kallt aa kvitt,
For Snjoren ligge paa dei øvste Tindar – De styrkjer Hugjen, Moti vekse vitt; Men daa mæ eitt de felle deg i Tankar: Her ingjen Kjærleikje i detti bankar.
“Lat vera – men du fær ei Tanke-Kveiking, Ei Helse-Laug, som fulla ti du treng, Ska du ‘ki bli ein hugsjuk, vesal Bleiking, Ska Tankjen din faa Staal, aa Moti Veng,
So stø du stend, naar Livi by deg Leiking, Og naar de by deg Motgang myrk aa streng – Ei Livsens-Lære du paa Toppen hentar, Som ber deg fleire Fruktir hell du ventar.
Men 'dæ ‘ki nok, de Store aa de Haage; Foruta Kjærleik gjer de kall og har, So vist som mæ de Smaae aa de Laage Seg alli nøgjer nokon spræke Kar –
De frem'ne gjer i Lengdê ingjen fjaage, For Glea maa ha Rot i Mor aa Far, De store Frem'ne, lett kann Hjarta stengje. Mi difyr Heim aa Kjærleik alle trengje.
Ja, skulle du heruppi alstøtt blive, So vart du har som Stein og kall som Is – Difyr du lengtar heim, aa ne du klive, No hev du lært paa Heimen setja Pris, –
Ja, der æ gott, Gud lat meg der faa live! Din Baane-Heim bli Livsens Paradis. Du lærde i Vorherris støsste Kyrkje Aa vera stor i Heimsens smaae Yrkje.
Du helsar Bygdê di, lyt Hatten svinge – Aa nei, so vent som no her alli va! Aa Saangjê strøymer fraa di frie Bringe, Aa Skog aa Nutar svarar deg Hurra!
Aa Bjøllunn høyrer du i Lio klinge, Aa Fuglen tullar milljom grøne Bla. No kann du fysst deg rett i Heimen hyggje, Aa nøgd paa Fedra-Tuftê bu aa byggje.”
Cookies on Poetry Cove