Kvar Fugl eg høyrde, kvar Blom eg saag
Meg lokka til Leik og Song.
Eg gjekk og dikta i Skog og Hei,
Og inki i Stoga trong.
Eg ha inki Bok aa teikna det i,
Visurne mine var fuglefri –
Du finne dei nok eigong.
So gjætte eg Ku og Sau og Gjeit,
Daa fall inki Dagen lang.
Paa Bjørke-Bork og paa Stein og Berg
Eg rita upp mangei Song.
Skriftet er burte og Ordet gløymt,
Men Tankarne hev eg i Hjarta gjøymt –
Dei kjæme nok fram eigong.
Tankar klaare som Tjønn i Hei,
Store som Roan-Fjell;
Fargerike som Blom i Eng
I Solsprett, naar Doggê fell.
Det seste seg djupt i Hugen min,
Og prenta vart i mi Livs-Bok inn –
Du finne dei der ein Kvell.