So kaam han ti Byen, der høyrd 'an seg um, Fyr hævaste Snikkaren finne. Dei lo at ‘n some, aa tott 'an va “dum”. De la han seg inki paa Sinni.
Han meistaren fann, men de Svari han fekk, At de va nok beste han heimatte gjekk Aa arbeidde Limar aa Rekur. Tri Dagar deretti ei Reka va gjort,
Som reint va eit Under aa skoe – Aa Guten han gjenge ti Meistaren fort, Sitt Arbeid han fram ville bjoe – De Vesle, som Guten 'to Lumma si tok,
Laag mangfaldt ihopes, saag ut som ei Bok; Men utslegi va de ei Reka! Aa Meistaren tagde, aa saag, aa vart bli, So slog han den Guten paa Herdê:
“D'æ makalaust reint, du æ plent eit Geni, Du lyt kaama lenger i Verdê! Men æ de din Vilji aa bli her hjaa meg, So alt de eg kann ska eg gjera fyr deg,
So beinkast væl alting mæ Tiê.” Han blei der, aa gløymde ‘ki Meistarens Or: Du fram deg i Verdê lyt vinne. Av Arbeii Gutens slikt Gjetor der foor:
At Makjen hass va ‘ki aa finne. Men sjave han tykkjest de fram inki vann, Som inste i Hugjen hass livde aa brann – Han veit ‘ki mæ Navn de aa nevne.
Ein Vani ti Guten vart Meistaren lei, Han prøva den faafengt aa stengje; Kot Guten arbeidde, de utkrota blei Langt meire hell de kunne trengje,
Støtt skar han ut Blomar aa alleslags Dyr, Baa Skrubbar, aa Bjønnir, aa Hestar, aa Kyr, Aa de vill ‘ki allesta høve. “Kot æ de no hera du hev krota ut
Paa Stolen, aa skjemt meg ut Sæti? Du dugjer slett inki ti Snikkar, min Gut, Reis ut, lær aa hogge Bilæti.” – Men detti va lettare sagt de, hell gjort,
For Guten av Pæningar aatte ‘ki stort, Aa stiv va han inki i Bokjê. Men Meistaren de va ein vituge Mann, Aa derti so inderleg snille,
Han saag der hjaa Guten laag noko i Band, De hjelpe ti Løysing han ville. Han tala mæ fleire um Gutens Geni: “Um Guten fekk Hjelp, noko Stort kunn' han bli” –
– Aa mange dei lova aa hjelpe. Aa Guten vart gla – han i Skulen va sett, Der lærde han skrive aa reikne; Aa alle Ting lærde han framifraa lett,
Men lettaste lærde han teikne. Han tykkjer som Luftê æ fulle av Saang, Aa Asloug ho smiler ti honom kvor Gaang At Teikningjê fyr honom lykkast.
Cookies on Poetry Cove