Skip to content
1846–1916

Heim-kjær

John Lie

Aa her hev no mine Fedrar Rudt seg ein liten Gard; Her hev dei slite og slæpa, Eg ser deira Fotefar.

Aa her hev dei sete glade Med Vener i Lag og Leik, Takka Vaarherre for Dagen Og tekje seg Kvild og Kveik.

Dei retta paa mangt, det gav meg Magt Aa retta paa noko meir; Dei mangein Stein o Vollen braut, Tru eg maatte orke fleir!

Gud unne meg her aa byggja og bu So lengje eg liva maa: Gud unne meg Borni mi etter meg Maatte fritt denne Garden raa!

Her er so vent og hugnadlegt Aa sitja i Heimen fri Med Kona og Born so prydeleg Innunder den logne Li.

Gjeve oss Gud for Kristi Skuld God Lukka og Liv og Sæla! So saman me alle, alle kan Um Herren si Kjærleik mæla!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Heim-kjær · John Lie · Poetry Cove