Skip to content
1846–1916

Hallvor vert jaga

John Lie

Han Eiliv Aabø snart forsto Koss detti hekk ihop – At “Fanteguten” sill' bli Maag, I Bygdê kaam i Rop.

Aa han vart baade arg aa harm, Tok Hallvor inn ti seg: “Eg ha ‘ki detti um deg trutt, D'æ best du dreg din Veg.

“Eg tok deg heim, eg drog deg upp, Eg va deg som ein Far, No fær du syte sjav fyr deg, For du æ vaksen Kar.

“Aa æ i deg de rette To, Du nokk di Lykka finu, – Mæ Guds Hjelp trur eg de fullvisst, Du fram i Verdê vinn.

“Eg æ ‘ki vrei, eg æ din Ven, Men Signe du ‘ki fær, Den eg ska gjeva Dotter mi Maa ver' av Ættê bær.

“Du heve tent meg trutt aa snillt, De Skotsmaal ska du faa, Aa Hundra Dalar fær du ti Fysst ratt du gjenge naa.”

Aa Hallvor sto der rou aa bleik, Aa saag paa Husbond sin, Dei Orê honom gjor so vondt, At Taarir rann paa Kinn.

Han mælte seist mæ Graat i Maal: “Vorherri signe deg! Eg alli kan gjengjelle deg De du hev gjort fyr meg.

“Eg vi ‘ki dylje de fyr deg, Eg elskar Dotter di, Mit Stræv, mi Bøn hev vori støtt, Ho eingaang maatt’ bli mi.

“D'æ sannt du va meg som ein Far, Difyr eg lyer deg, Hav Takk fyr alt! Gud signe dykk! No reiser eg min Veg.

“Men fyrr eg gjeng eg bea lyt Mæ Dotter di Farvel!” – – “Eg helsar henne ifraa deg, – Du reiser! – Heil aa fæll!”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Hallvor vert jaga · John Lie · Poetry Cove