Skip to content
1846–1916

Far

John Lie

Far min var ein Fagnamann, Aatt inki ervde Monir, Med Hand og Hovud han slog seg fram, Og fekk baae Lut og Lonir.

Aldri eg saag slikt Arbeidstak, So seigt og trufast eit Slit ‒ Aldri eit rikare Hjartelag, Og aldri gløggare Vit.

Far min var ein Fagnamann, Han tenkte og las i Bok, Hovudet ljost og Hjarta varmt For alt det livandes Krok.

Sælt aa minnas og Arven stor Aa hava slik ein Far ‒ ‒ Signe deg Gud i Himmerik For kvar den Byrde du bar!

Hugnad det er meg Dag for Dag Eg ser det grønskar og gror, So godan Grøda eg hausta fær I feti di der du for.

Unne meg Gud aa hegne um Den Arven fraa deg og Mor! So Blomarne rikare springe ut, Og grønare Graset gror.

Sæle Aandi di svive hera Lyest um Li og Fjell, Ho musar meg gode Ord i Øyra So mangein Morgo og Kveld.

Du sigra med Gud i Striden din, Og godan Kvile fær, Ser eigong det du trudde paa: Eit rikare Liv og bær'.

Site eg trøytt av Strid og Harm, Det er so godt aa minnast: Vaarherre hev bygt ein ljosare Heim, Der skal me atter finnast.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Far · John Lie · Poetry Cove