Skip to content
1846–1916

Ein liten

John Lie

Liten sit eg her i Lægde, Litt umsend eg veks og tognar, Liksom upp av svarte Molle Kornet gror og veks og mognar.

Her i Lægde ligge Grunnen, Her i Lægde er me borne, Her hev Livet sine Røter, Her er vaare Klæder skorne.

Vil du byggje deg eit Tempel Skal du ei med Tornet byrja, Du skal granske, virke, samle, Og um Grunnen fyrste spyrja –

Templet dit paa dimme Draumar, Bygg paa Berget, det vil standa Støtt mot alle Tidar-Straumar. Upp i Høgde, upp i Høgde

Vera skal so gjævt aa glaama; Upp i Høgde trur so mange, Dei skal Sol og Stjønnur raama. Og tillags dei aldri finne

Nokonting paa denne Kringen ; Alt er rote, næpne Nasar Nyse yver “Verdsens-Bingen”. Viljeveike, sjuke Sjæler

Paa sit Tanke-Fór lyt gumla, Furtne yver Livsens Lagnad Dei si Skomesong lyt mumla. Dei er liksom blinde, dauve

For det Liv, som kring dei spilar – Manne-Hat som feber-Sjuke Gjenom deira Aadrer filar. Ned i Lægde, ned i Lægde,

Der er mangein Blom aa plukke; Der er mattungt Korn aa finne, Um enn noko stend i Nukke. Elskfullt lyser mangteit Auga,

Vent er meir enn mange tenkjer, Gleda likso visst som Sute Finst so vidt som Sole blenkjer. Eg vil halde meg i Lægde,

Der so mangt eg vilde gjera: Der til dei i Myrkje site Vil eg prøve Ljoset bera; Kveikje dei, som under Oket

Ennaa her so tungt lyt sukke; Ein og annan Snuble-Steine Burt fraa Bror mins Vege tukke.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ein liten · John Lie · Poetry Cove