Skip to content
1846–1916

Bestemor

John Lie

Du Bestemor, du Bestemor, Eg aldri gløyma kann: Som Lauv aa Blomar kjem kvar Vaar, Ditt Minne yngjest Aar fyr Aar

I meg som vaksen Mann. Din Veslegut, din Veslegut fyr deg eg allstøtt va, Og vil so vera all mi Ti:

Gjev Ærekrans fyr deg kunn' bli Dei Saangir, som eg kva! Fraa Bror min, som du helt so av, Kom beste Blom i Krans ‒

De flutte heim den sama Vaar, Her gjeng eg, Minne-Blomar saar Paa Grefti di og hans.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Bestemor · John Lie · Poetry Cove