Eg gjekk meg upp til sæterli,
til jenta mi.
Ho var 'kje bli;
Ho sa til meg:
Kva vil du her?
Du fær meg aldri i verden, lel,
fyr gauken gjel'e paa Haukelifjell,
og dét gjer han aldri.
Men daa det lei til laurdagskvell,
eg la iveg
og gjekk dit løl.
Den veg var bratt,
eg gjekk og datt,
eg kom kje fram fyr langt paa natt.
Paa hella sat ein katt og mol,
men ingen gauk i li-i gol;
‒ her gjel'e han aldri.
Men daa hu saag, eg kom dit, daa
ho blei saa gla
og svara: Ja!
“Eg blei saa fjaag, eg saag, du kom,
eg snur meg om,
du ska faa rom!
Ho Margit sa, at jonsok-kvell
hev gauken gale paa Haukelifjell,
og ho lyge aldri.”
Og jenta hængde gryta paa,
slo rjomen i
og koka saa.
Den graut var feit
og hekkans heit
og eg sku' haste til dét, du veit!
‒ I heile sumar paa Haaukelifjell,
ein gauk hev gale kvar laurdagskvell;
‒ fyr var han der aldri.