Skip to content
1871–1926

Ungdom

Lars Jaastad

Der gamalt fell, det unge spirar; det spretter, yrer, blømer, leikar og upp mot Sumarsoli peikar for kvar ei Mai justsom skirar'.

Og Blode som i gamle Dagar med same varme, ville Flaum igjenom unge Aadrer jagar, og Live alt hev Jonsokdraum.

Som fyrr i Tidi Fuglar syngja si kaate Frygd utyver Strandi, og i den glade Ungdomsklyngja der knytest same blyge Bandi.

Som fyrr i Tidi Doggi drysser nedyver blomeklædde Bøen, og Hjarto trur, med Lippur kysser, at Elsk er sterkare enn Døden.

Enn tek til Fjells paa Leitingferd ei fager, vonfull Ungdomsher. Enn høyrer eg fraa Eggi Song fraa dei, som Dalen vart for trong.

Det skin fraa deira Sumarklæ', som dei fer motar Solargulle. Eg kjenner Fjelle; men eg skulde daa endaa gjerne vore med!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ungdom · Lars Jaastad · Poetry Cove