Skip to content
1871–1926

Sundag

Lars Jaastad

Mot Himlen stig dei siste Skyer, so blank skin Soli yver Fjorden, som glitrar etter Kyrkjeroren, fraa Taarne Klokketonar lyder.

Langs Strandi Aldeskogen staar i vænast' Blom so tett og frodig; den yngste Ungdom er so modig, han plantar meir for kvar ein Vaar.

Der gror eit Liv med sterke Røter ikring den heile breide Bygd: kvar Augo vender seg dei møter ei Blom- og Solskinskransa Trygd.

Dei staar idag som fyrr dei stod med Aalvorsandlit alle Fjelli, og det er som i Folkesjæli dei hever sekt si store Ro.

So vidt dei tunge Klokketonar utyver Fjord og Grender omar; dei lyfter Folke sine Tankar og det til Høgtid saman sankar.

Og Salmesongen fyller Hugen med Lengt og Von hjaa heile Mugen. So mange varme Kjenslur vaknar, og alle kjenner, at dei saknar.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Sundag · Lars Jaastad · Poetry Cove