Det er so underleg aa velja;
ein staar kje lenger fri som fyrr,
ho stengjest att den eine Dør,
kva for – det ingen kan fortelja.
Ein Avskil tek med elskte Strender,
ein fraa ei Lengsle burt seg skriv,
ein eit av Skipi sine brenner,
det gjerest for det heile Liv.
Men det ein lèt ifraa seg stengjast,
det tek eit Tak og fast seg hakar
i Hugen innst, og støtt tilbakar
mot det ein veit 'kje, vil ein lengjast.
Ja denne underlege Gaata
vil meir og meir eins Tanke fylla,
vil meir og meir eins Hjarta trylla,
so fagrast' Stundi maa ein graata.
Ja, den som eigong stod paa Fjell
og Avskil tok med henne, som
i Hugen hadde fenge Rum,
vil lengta dit kvar Sumarkveld.
Um han vil prøva jaga Minne,
for andre paa han hever Krav,
so kan han ikkje faa det av,
– han stengjer kanskje Taara inne.