I Hugen lyder alltid same Song;
eg burde jaga han, men orkar ikkje;
for denne Songen høyrde eg den Gong
ho førde meg inn i sitt ljose Rike.
Med Songen fylgjer det so mange Minne,
han gjerer meg so lengteleg i Sinn,
eg saknar so den miste Draumen min,
eg gløymer aldri meir paa Jordi henne.
I Røysti hennar er all Livets Frygd,
all Livets Von, all Livets Lengsle.
Men millom meg og henne er ei Stengsle,
eg ser nok aldri meire hennar Bygd.
Anna i Draumar. Der eg ser kvar Dag,
kor ljos og god og glad ho gaar og staar,
der ser eg hennar rike gule Haar,
der er ho vænaste i alle Lag.
Der sit ho høgtidsklædd i Baata-Rong
og voggar seg burtyver mjuke Bylgje,
med' ho det heile Kyrkjefylgje
upplivar med sin lengtelege Song.
Det heile Utsyn, baade Votn og Fjell
og Himelen og dimme Rand og Hav
ho budde i, ho gjever noko av
sin Lengt, si Glede, av si unge Sjæl.