Men me gaar kje inn i Ringen
ned me set oss attmed Sele,
lyder paa det væne Spele.
skodar paa den kaate Springen.
Røder um dei gamle Aar,
um dei Planar me hev grave,
øyser upp av Minnehave,
og um Framtidsdagar spaar.
Gamle Venen preikar, nikkar,
greider ut dei verste Spursmaal,
so der ikkje meir er Tvilsmaal
han er vorten Politikar.
Medan Vandskarne han klarar
lyt han stundimillom læ,
Eg – eg spyrgjer, og eg svarar;
men eg er kje heiltut med.
Auga leitar, kan kje stansa,
ho er ikkje med der frame,
eg sku' kjent ‘ne med det same,
for som ho kan ingen dansa.