Skip to content
1871–1926

Natt

Lars Jaastad

Det stilnar av, og Himlens Blaa, for Solgull rømt, meg Natti melder. Eg gaar og gaar, for eg maa naa, med det er Dagskil., til ein Heller.

Daa endeleg eg Helren ser so svart der burte mot meg stira, daa nett med Slit og Bit det er, at Skarke-Vegen eg kan tira.

Litt Lyng eg under Helren mutar, og so meg sjølv innunder kutar; ei Bøn forutan Ord eg bed og vonar Svevn og Nattefred.

Eg snur mot Berge, blindar att, no skal dei kvila alle Tankar, Men Hjarta mitt mot Sida bankar so tungleg i den stille Natt.

Og denne tunge Hjartebank ber med seg Bod um velkjend Ille; det sig innyver slik ein Ank og Fælsle i den store Stille.

Um eg vart sagd i denne Kveld: “Det Tidi er, eg krev di Sjæl –”; var ferdug eg til denne Ferd, so anna eg enn Straff var verd?

Eg angrar alle mine Synder; eg etter alt det gode traar Kva er det meir? Kva maa ein for, at Himlen Hjartefred forkynner?

Men harde, kalde Røyst meg varar og soleis mine Spursmaal svarar: “Deg stengjer Himerikes Lyklar, for innst du endaa er ein Hyklar.

Det er ein Avgud, som deg leider, det er kje Sanning du vil finna og fram til andmjuk Ofring vinna – ditt Maal er endaa ei Budeie.”

Eg prøver be’: “Gjev Løysingsord! Skal verkeleg eg ned i Dalen, attende til den smale Fjord, for aa faa Von um Himelsalen?”

Daa svarar Røysti: “Vegen sjølv du veit – enn lyder det idag. Og snur du heim fraa Heid og Støl, du Freden fær til Vederlag.”

Attende med det same – nei! den Røysti syner range Leid. Det er ei sjukleg Sjæletæding ei Frukt av Brest i vaar Uppseding!

Eg kan kje dette vide Fjell med Fossar, Fenner, Tindar, Votn, for alle Tider be' Farvel fraa Auga, Hug og Hjartebotn!

Iallfall maa eg hava Tid, – i Morgon skal eg gjera Vale. For glad og lett og heiltut tri eg maa imot det ideale!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Natt · Lars Jaastad · Poetry Cove