Skip to content
1871–1926

Morgon

Lars Jaastad

Eg vaknar, og ser Morgonroden alt glima blank paa Himelveng. Og rask eg hoppar av mi seng burt yver Fjell i Morgonroden!

Den væne, varme Elskhugsdraumen hev jaga Tyngsla fraa mitt Sinn, og heilt meg fyller Gledeflaumen, so det vert vaatt nedyver Kinn.

Det er som skin det ifraa Snøen, fraa Fossar, Fenner, Votn og Hyljar, som det igjenom Lufti bylgjar: “Ja Elsk er sterkare enn Døden!”

Det er som hennar varme Ande umsveipar meg med kjærleg Maning: “Verg Hjarta ditt for hardhendt Raning, bert Elsken er den eine sanne,”

“Skal Elskhug Hjarta ljota røma, vil ingen Ting der inne bløma, Igjenom Elsken til di Brud du fyller best “det store Bad”!”

Mitt Auga rundt paa Vidda øyser og Vænleik ber aat Hugen min; med Gledetaarur ser eg inn i Himlens ljose Endeløyse.

Nei ingen varmt for Live takkar, som ikkje Elsk paa Jordi fær. Den sterke verta kan ein Stakkar, um han kje fær den han hev kjær.

Forutan Elsk vil alting bleikna, vil Hugen sløvast, Armen veikna, Eit elsklaust Liv er berre Skade, det hever mist det idealel

Som kvar ein Blom vil Ljose naa og tøygjer seg fraa Skuggeskjol av all si Magt imotar Sol, slik etter Elsk me alle traa.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Morgon · Lars Jaastad · Poetry Cove