Mot Store-Votni radt eg gaar,
eg veit, at fyrr det no vert Natt,
eg hennar Andlit fær sjaa att,
og dette gjerer Leidi klaar.
Eit Bil; men so fraa Dimmedalen
velt Skodda fram og Syne stengjer.
Det kalde Dreve gjer meg valen
og gamle Byrdar aat meg hengjer.
Min Vilje vantar endaa Herdsle,
det er nok ikkje heilgrodt enn,
eg skjelv av Hjartebank igjen,
no daa det verta maa Avgjerdsle.
Det tyngre kjem enn nokorsinne,
det skrik inni meg: “Sans deg, Mann,
og snu, med' endaa snu du kan,
sel ikkje Himlen for ei Kvinne!”
Men vilt eg yver Heidi spring
og vil kje høyra nokon Ting,
eg dett, so Blode renn fraa Panna;
men fram eg maa, kan ikkje anna!