Kvi tok eg upp paa høge Fjell,
naar ikkje ho maa vera med
heimyver att, i Dalen ned
– var berre det aa be Farvel?
Kvi gjorde eg den lange Ferd
og reiv isund baad’ Kropp og Klær,
kvi vassa eg den kalde Bekk,
naar einsleg eg paa Heimferd tek?
Kvi vilde eg fraa Vener flytta,
naar ikkje meir eg vilde naa,
naar ikkje Sigren eg vil nytta,
eg vilde berre Sigren sjaa?
– Forunderleg er Livsens Lagnad,
eg kom so nær den store Fagnad;
men Fagnaden eg kan kje femna,
eg einsleg maa paa Heimferd stemna.
Det er nok slik, at som i Bur
maa mangein sjaa paa Livets Æring
og finna Maale for si Vering
ved at han døyder si Natur.
Og ofte lyt ein gje' i Soning
si heile varme Ungdomsvoning,
og ein maa snu, naar nett ein rekkjer
sin tyrste Munn mot Livsens Bekkjer.
D'er tungt aa vinna denne Vissa,
at ein kan tola allting missa,
og allar mest naar ein er ung
fell Ofringi for Hugen tung.