Skip to content
1871–1926

I Skuggen

Lars Jaastad

Naar einsleg eg i Skuggen sit og ser utyver Live alt, kor det er varmt, kor det er kaldt, kor titt det brigder Maal og Lit,

daa der so mange Undrings-Tankar i Hugen min seg saman sankar. Eg spyr, um Grunnen det hev havt alt Liv, som fødde Liv igjen,

um det er ikkje anna enn, at Live naut si eigi Kraft, um etter Hausten Live sida' maa bert det vertande seg vigja?

Eg ser paa Lauve, kor det fell og minnest, kor det var i Vaar, eg minnest Morgonen so klaar i Lag med alt eg bad Farvel,

og spyr, er det daa verdt aa yrkja for berre Landets Jord aa dyrkja? Det er vel bra i Granneflokk aa dyrkja Fedrelandets Jord,

so der veks Blom og Korn og Fór, det er vel bra – men ikkje nok. Der maa eit Maal igjenom strøyma, der maa ei Signing yverfløyma.

Der maa ein Elsk – eg kjenner det ein Elsk til Menneskje ein valde, og gjenom den til alt og alle ein sodan Elsk maa vera med!

Og den, som aldri angrar Vale, han kan naa mot det ideale!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
I Skuggen · Lars Jaastad · Poetry Cove