Skip to content
1871–1926

Heime

Lars Jaastad

Eg heimatt kom det leid til Kvelds, og møtte Vener, snilde alle, og med ein smil dei meg fortalde, dei ogso eigong var til Fjells.

Og medan Kvelden roleg skreid fortalde Venerne um Ferdi den Gongi dei tok ut i Verdi, um kva som hende dei paa Heid.

Men ingen lengta meir aa gaa, dei hadde Arbeid nok aa sjaa til alt med Gardens Styr og Stell, um ikkje dei tok upp paa Fjell.

Paa desse Kantar hadde flest so mykje Arbeid kring si Stove, at sume Tider vilde mest det ganga reint uppyver Hove.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Heime · Lars Jaastad · Poetry Cove