Skip to content
1871–1926

Hardangerfela

Lars Jaastad

Dei Tonarne strøymer so stille, ei underleg Soge fortel, um Ungdom, som leika vilde og vera paa Jordi sæl.

Um Vaarnætter ljoseblaae, um sprettande, angande Blom, um gyllande Morgonrode, um Lokking og Bjelleljom.

Um Dagar tindrande blanke, so yverstrøymde av Sol, um Barnegledur og Jol og Ungdoms rikaste Tanke.

Um Vaaren, som leivde dei Minne ein aldri meir utatt riv, som gjerer, at djupast inne det greter eins heile Liv. –

Eg høyrer dei Tonarne gjerne og takkar den Spelemann, eg finn ikkje Ord for mi Takksemd, di tek eg han berre i Hand.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Hardangerfela · Lars Jaastad · Poetry Cove