Skip to content
1871–1926

Gamall Kjenning

Lars Jaastad

Mot Stølen ber det utan Stans, og daa eg meg mot Husi nærmar, eg ser, kor kvite Skjorte-Ermar paa Vangen svingar seg i Dans.

Eg kan alt høyra Feleomen, fyrr eg er yver Elvi komen, so mjuke Tonarne dei laata, eg gløymer, at eg mest er trota.

Paa grøne Vangen so eg stend, so underleg, som i ein Rus. Eg gaar imot det fyrste Hus – eg ser ein halvgløymd Ungdomsven.

“Du er so høgt til Fjells, du og?” Han rekkjer meg si store Hand og trykkjer traust, den gode Mann. Eg stamar: “Ja – du, ser eg, og?”

“Aa ja” han smiler; “gamle Minne imot det høge Fjell meg dreg, eg kan kje gløyma nokorsinne, kor her eg leika lukkeleg.

Kvar Sumar maa eg enn herupp og skoda att det gamle Glim fraa Votni og den kvite Topp, so tek eg heimatt med meg Prim.

Der burte ser du Kona mi – den høge med det ljose Liv, ho er alltid ta seg fri og faa ein Dans til Tidsfordriv

Du vil vel hava deg ein Sving? Eg fær meg nok ein Dans med Kona anten ein Halling eld' ein Spring, – me dansa vil, til Haari graana.”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Gamall Kjenning · Lars Jaastad · Poetry Cove