Skip to content
1871–1926

Folgefonn

Lars Jaastad

Eit Hav med kvite Bylgjur, med store og med smaa, som mange Pinseliljur dei skin mot Himlens Blaa.

Den vesle Rjupe kurar paa kvite Folgefonn, og Nordanvinden durar, sjølv kan ho ingen Song.

Her gror det ingne Blomar, her er kje eigong Knupp; for aldri nokon Sumar er komen enn herupp.

Den store Hulder søver; det er ei gamal Tru, at eigong i eit Snøvedr ho dekte Sokner sju.

Den store Halder søver, og slik ho vil seg strekkja; det skal nok mykje Tøvedr, fyrr det kan henne vekkja.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Folgefonn · Lars Jaastad · Poetry Cove