Skip to content
1871–1926

Ei Skrede

Lars Jaastad

Her grodde det eigong den vænaste Skog med Bjørkur og Rannar og Heggjer; men flaumville Vaarnatt dei naadelaust vog dei brotna dei sterkaste Leggjer.

Dei stod her so rake og tøygde seg upp; dei lyfte so sjølvtrygge Nakken; men Skreda ho bøygde kvar sprettande Knupp og lagde dei gruve i Bakken.

No ligg dei her ferja av Grus og av Stein og fulle av Flengjur so djupe; flest alle dei hever si gildaste Grein i Grjote der ned under Stupe.

Men Live det strider so lenge det kan og gjev seg kje fyrr enn det nøyedst. Og Voner han hever den armaste Mann til seinaste Livsgneisten øydest.

Di sprett og fraa Nyo den nedbrotne Skog, di glytter og Blad attmed Saari. Di vil det nok henda, at Skreda her drog vil løynast av Vokstrar med Aari.

Alt livande hever det sjølvsame Lag, det vil seg med Lagnaden sona; og um enn me tapar i Slag etter Slag me stendugt paa Sigeren vona'.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ei Skrede · Lars Jaastad · Poetry Cove