Det skin so kvitt – ein rosutt Kjole
kjem fram ifraa det kjære Skjole;
og tonande ein Danselaat
ho staar der ung og varm og kaat.
Ho segjer, at ho Myk hev breidt,
no kjem ho nett hev vaska Gyve,
no hev ho nettupp Haare greidt
i Bekken, fyrr ho kom uppyver.
Me leidast burt i Bjørkelid
og yver Stein og Stuvar dansar
og berre dette eine sansar,
at eg er hennar, ho er mi.
Eg kviskrar henne inn i Øyra:
“Skal snart me, du, til Kyrkje køyra”
Og Svare kjem, i Graat, i Laatt:
“Aa ja, aa jau – det kan me godt!”
Og heim me leikar yver Bøen,
som berre Høgtid smiler Live:
me veit d'er sant, som det er skrive,
at Elsk er sterkare enn Døden.
Enn ligger Live oss framfyre
so langt og ljost og lukkerikt
i draumrik Dimme som eit Dikt,
som formlaust, varmt i Hugen yrer.
Enn dekkjer Moar Livsens Brunnar;
me tvilar ikkje paa vaar Lukke.
Og vaare unge, friske Munnar
hev ikkje av kvarandre drukke.