Skip to content
1871–1926

Avskil

Lars Jaastad

Av Dansarringen ut ho fyl' meg burt yver flate Sætervangen, ut paa den væne, grøne Tangen, som ut i blanke Vatne skjer seg.

Der sit me so ei Stund og tegjer; ho kan kje skyna, kvi eg lid. Eg er no hennar, ho er mi, og breide blenkjer Framtids Vegjer.

Eg ser, kor djupt det henne riv; ho vilde, um ho hadde vunne, gjort meg so godt, eg ser ho unner meg varmt sin rike Flaum av Liv.

Eg ser at hennar reine Sinn meg vilde fylgt i tyngste Trengsle; eg ser ho vilde vigt meg inn i all si ungdomsville Lengsle.

Ho vilde alting med meg delt, det vonde og det, som var gildt; i Sorg ho vilde hjaa meg grete, i Glede vigt meg all sin Kjæte.

Og tungt det er aa segja henne, at me kan ikkje saman bu, at ho ein ann' maa gje' si Tru og riva meg ut av sitt Minne.

Men gjerast maa det likevel, det kan kje nytta stort aa bida, i Dag eg maa no Striden strida, eg byd 'ne Handi til Farvel.

“Du fær tilgje’ – eg maa nok vanka ein annen Veg – eg kan kje dylgja; men i mi Lengsle vil du fylgja, so lenge Hjarta mitt kan banka.”

Ho trykkjer fast mi heite Hand; eg let 'ne einsleg att ved Strand. Eg vankar einsleg yver Ryngen, med Taarurne dei fell i Lyngen.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Avskil · Lars Jaastad · Poetry Cove