Skip to content
1871–1926

Arbeid

Lars Jaastad

Eg rydjer Jord, eg minar Stein, eg feller gamle, store Tre, so Soli skal faa koma til der fyrr mi Tid ho ikkje skein.

Eg lengtar etter, det skal gro, og difor er det eg er sveitt, at der det fyrr av Straa vaks eitt, der skal no sidan veksa tvo.

Eg vera vil ein nyttig Dreng og gjera Urdi um til Eng, so naar den siste Soli kverv, eg veit eg gav mitt Land ein Skjerv.

Det gjev slik Fred aa byggja paa det Far hev lagt Grunnsteinen til, og d'er so hugnadsamt aa sjaa, at det for Handi veksa vil.

Meg dagleg Arbeid tenar best, av alle Ting det sonar mest. Det stundom kjennest som ei Naal – at Yrkje hev for lite Maal.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Arbeid · Lars Jaastad · Poetry Cove