Skip to content
1860–1943

Vaart Liv

Anders Hovden

Vaart Liv gjeng upp som ein glad Song og døyr sorgtungt som Ljomen millom Berg. Som ei Solrenning stig vaart Mod ‒ det dalar attende som ei Sky av Dumba.

Ein saltfrisk Havstorm er vaart Blod: men snart det døyvest til giftig Gyrma storknar det i vaare Aadrar. Som blømande Apallen mot Degningi

snur Barnehugen seg mot Framtidi, Men Greinerne med sitt Roseskrud - nakne grin dei snart mot Haust-Himmelen. Yver vaart Haar straar Vetteren sitt Rim.

Natti. den lange. dimmer vaare Augo. Vaaren kjem att og bankar paa vaar Dør – han kjenner os ikkje meir att. Vaar unge Hug ‒

som Vaarbekken bruser han, det livande Vatne siklar og lær: kyssande Solstraala dansar det med henne gjenom Dalen til Sysvorte-Slaatt og Blaaklokke-Klang.

medan alle dei Blomar smaa smiler paa Bardarne med Augo bjarte. Men den dansande Straumen ‒ snart er han runnen burt,

og den ufjelge, tagalle Botnen ligg myrkjande ned etter Lidi som ei svart Strima. Vonerne ‒

i min Hug leika dei seg som Fiskar i sin Sjø – dei vart alle rykte av den løynske Kroken elder fanga i Garne.

Mi Livsens glade Tru. som lyste meg fram gjenom Natti ‒ mi Svana paa Flog mot dei solsæle Heimar . . raaka er ho av den lurande Skyttar,

fraa hennar Bringa regner det Blod ‒ med saar Klaga dalar ho vonlaust ned i Nirvana. Naar vaart Liv gjeng i Knas rundt um os som Vrake paa stormande Havstrandi

naar her ingi Bergings Von lenger er . ja, kva daa! Ev legg mine Hender i Fange. og tek det med Ro ‒

Sidan det maa so vera, vil eg gaa under som ein Mann: “Naken kom eg or mi Mors Liv, og naken vender eg og attende.

Herren gav, Herren tok, Herrens Namn vere lova!”

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Vaart Liv · Anders Hovden · Poetry Cove