Aanei, eg høyrer Lerka
for fyrste Gong iaar!
Ned fraa ein Vinterhimmel
ho kvéd so kvat um Vaar.
Og dimmt er det i Lufti,
Og Skodd hev Soli dult;
men den velsigna Fuglen
han kvittrar like fullt.
Han er ein liten Gneiste
Uti det kalde Rom;
men Vinteren han evlar
kje sløkkja dette Fjom.
Den store, svarte Kraaka
ho remjar etter Snjo;
men litle, fjaage Lorka
ho gjev seg ikkje, ho.
Det bankar so, mitt Hjarta,
og Hugen tung og saar
han opnar seg med Fysna
for Tankarne um Vaar.
Og midt igjenom Myrker
og Kjøld og Skodde-Driv
det livnar sælt for Augo
det glade Vaarens Liv.
Det fløymer yver Landet
med Sol um Vang og Voll,
og Gauken sit paa Greino
og gjel fraa Koll til Koll,
og gjenom Bjørkeskogen
det brusar Song og Frygd,
og høgt gjeng Lyst og Gleda
utyver kvar den Bygd!
Aa Gud, lat meg faa syngja
som litle Fugl i Sky
alt under tunge Vinter
um Vaar og Sumar ny!
Og stoggar ein og lyder
med Hugnad til mitt Kvad
og kjenner Vaar i Sinne
– daa skal eg vera glad!