Skip to content
1860–1943

Ungdom

Anders Hovden

Me elskar vaar Heim, ja, med alt vaart Blod! Me vil varda vaar Heim med vaart friske Mod. Me vil verja um Far med dei Haari graa

og verna um Mor og Systken smaa. Me vil elska ned Sol yver Land og Hav med Fred yver Feder, som kviler i Grav! Djup er vaar Skog, og høg er vaar Tind,

veldugt vaart Hav under sopande Vind. So som vaart Land i samlade Drag, so skal me Normenn og vera paa Lag: Høge i Hugen som Tind yver Sky,

faste i Viljen som Fjell og som Fly. Storfelte Hugsyn skal glima og glo som Solrennings Bragd yver Bredar og Snjo. Dei ville Fuglarne fyk yver Tind,

so modig og fri vera Tanken din. Fossen um Vaaren tek skrattande Tak, Hamrar han velter med Dunder og Brak ‒ so skal me fuse gaa beint paa vaar Sak

læande friskt i dei tungaste Tak. Havet, det bause, leikar um Strand, sviver so vidt til dei burtaste Land, stundom i Vreide og stundom i Dans,

stundom i Myrker og stundom i Glans ‒ so skal vaar Evna bli havfrisk og stor, samla seg Kunskap rundt heile vaar Jord. Altid ein helst vere solblid og varm,

femna all verdi aat bankande Barm. Men raakar me Lygni si Sjørøvar-Flota, som Sanningi tyner og Rettferdi hotar ‒ me vaknar med Velde som Skavlar i Sus

og slær ho tilbotns med Mann og med Mus. Skogen hev Bløming, og Skogen hev Svad, Skogen er tunglynd, og Skogen er glad. Herlege Fargar, som braglar og glor

friskt ifraa Kollen og nedimot Fjord. Kvittrande Smaafugl bak blinkande Blad, Sysvorte-Songar og heggfriske Kvad. Hugtunge Ljom yver Li, yver Lund,

Tusund av Draumar i Sumarnats Stund. So skal vaart Sinn verta vekslande rikt med Granskog av Draum og med Lauvskog av Dikt,

med spirande Evna som Trei um Vaar og eldfriske Kvæde, som Livsgleda saar. Men djupt inni Skogen det ljomar ein Lur ‒ aalvorleg paa Botnen ho er, vaar Natur.

Me kjem her med Jarnstaur og Hakka og Grev, aa dyrka upp Landet me vil med vaart Stræv. Me Jordi vil tilsaa, alt medan me kvæde

og elska fram fagert og gyllande Sæde. ‒ Me krev ikkje Latskap og Herremanns Kaar, me bed for vaart Arbeid um signande Vaar, som sopar or Landet den Vinter, som

tyngjer ‒ og smeltar og tinar og vekkjer og yngjer ‒ som Dørerne opnar for Vinterens Faangar og kallar heim Fuglar med solkaate Songar‒-

som trollar fram Brodd av den tilsaadde Jord og svagande Korn ifraa Aas og til Fjord. Og skulde so ikkje vaar Kraft rekka bi so er det daa dette, me Ungdomen vil!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Ungdom · Anders Hovden · Poetry Cove