Tungalda stig paa det store Hav
langt burte fraa Folk og Land,
og Himmel-Ljosi dei straar hennar Barm
med brikjande Sylgje-Brand.
Lurer dei vonde Augo.
Ho rullar og mullar sin sorgtunge Song,
og Blaanatti speglar seg av ‒
Med bredande Bögar av kvite Segl
stig Soli or Morgon-Hav.
Lurer dei vonde Augo.
Og Segle mitt rider paa Baare-Rygg
og ter baade bratt og flatt;
men under meg glorar dei gløypande Troll
og gapar den evige Natt.
Lurer dei vonde Augo.
Storstormen vaknar, og Hav-Natti raar,
og aukar med Rôk og Fôk.
Alle Trolli no flotnar dei upp;
for no er det Ragnarôk.
Lurer dei vonde Augo.