Skip to content
1860–1943

Til dei frisinna Ungdomslag

Anders Hovden

Han susar med megtuge Vengjeslag innyver Verdi ein Løysings Dag.

Og Ungdomen samlest paa Berge-Tram og skodar med Fysna mot Dagen fram,

og Flingar gjeng av Frygd gjenom Modet, det straalar av Augo, det brenn i Blodet:

“Dei Gamle veiknad og visste kje Raad ‒ no er det vaar Dag og vaar Daad!” Eit nytt Aarhundrad

med sterke Menn og frie Kvinnur i kvarden Grend! No er det vaar Tid

til dei tunge Tak; og Norge, Norge er all vaar Sak! Norge er huta,

og Norge er hæda ‒ kom lat oss segja med Graat og med Gleda: “Dei Gamle veiknad

og visste kje Raad ‒ no er det vaar Dag og vaar Daad!” Kom lat oss sverja med heilag Røyst:

Tunga aat Mor skal fyrst verta løyst! Norsk vil me tala i Nord og i Sud,

tala paa Tinget og tala med Gud. Det, som vaart Folk no kann fria og samla,

einast er Maalet det sterka, det gamla. Dei Gamle veiknad og visste kje Raad ‒

no er det vaar Dag og vaar Daad! Han susar med megtuge Vengjeslag innyver Landet

ein Rettferds Dag. Og Ljoset alt gyller dei rakaste Tindar, og Lygni spreidest

fyr alle Vindar. Og Sanningi røyser med Allmagt Kravet: alt Fusk skal søkkjast

i djupaste Havet! For syng me som Svisvort fraa Vaarens Kvist: Vaart Norge fyrst og vaart Norge sidst!

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Til dei frisinna Ungdomslag · Anders Hovden · Poetry Cove