Skip to content
1860–1943

Svala

Anders Hovden

Nei verkeleg, no er det Sumar! det er ikkje meir nokon Tvil ‒ no saag eg den fyrste Svala, ho skaut meg langsmed som ein Pil.

Ho kjem som ei Himmel-Sending med huggande Sumar-Syn og skjer gjenom Framtids-Dimma med Voner som blanke Lyn.

Den nysprotne Bjørke-Lidi braabjart ho tirer og lær og helsar den stigande Soli med Song fraa sin Fugle-Her.

Og snøkvite Lambe-Munnar nuppar den ljosgrøne Gror, dei byks so ikring i Rundkast og tek seg ein Sup hjaa Mor.

Vetteren ‒ hu han var hustren. og Vaaren graakald og drjug. Isen han la seg kring Hjarta og Skodda um Heim og Hur.

Nei verkeleg, no er det Sumar! det er ikkje meir nokon Tvil ‒ no saag eg den fyrste Svala, ho skaut meg langsmed som ein Pil.

Aa lyn gjenom Mod og Tanke paa Vengen din braalett og kvæm ‒ eg gløymer i Sumarsol-Hugnad. at Vetteren etterpaa kjem.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Svala · Anders Hovden · Poetry Cove