Skip to content
1860–1943

Stormen

Anders Hovden

Storhave ryker fraa Nord til Sud, det burar og bryt yver Fall og Flud, det uler i Lufti og læter. Baarorne dundrar som Tora og smell

og sprøyter sitt Skum yver Berg og Fjell og saltar med Sjo og Væte. Blindskjere syner sitt ufjelge Skinn: det sting seg upp som ei Tiger-Kinn ‒

det glorar løynskt utor Haugo. Dei Daude tullar med Tarekrans att og fram i ein øgjeleg Dans og stirer med stive Augo.

Skavlarne tunnar som Helhestar kring med flaksande Mankar og arge Sving. og villt dei kneggja og skria. Aa hau deg og hei, det gjeng paa ein Deis!

No fer det mange si siste Reis ‒ i Natt al dei Helhesten ria. Hyttorne s jelv paa sin Graaberg-Grunn, paa Tune luskar den svarte Hund

og yler med Skum um Tenner. Og Ramnen krinsar med kaate Skrik ut etter Sund og inn etter Vik ‒ det er nok Naaluft han kjenner.

Velduge SkYfjjell ein Helvitrøvk ‒ hastar avstad i ein furande Føyk, vitskræmde Sjælerne driva inn yver Himlen i Flog og Hast,

bak etter byks i rasande Kast Satan med gloande Riva. Fram bryt Sol-Ørni herleg og nv

paa Gullveng. som rekk ifraa Hav til Skv. straalande, logn gjenom Vreiden ho ror,

og Have vert klædt i eit Paradis-Flor igg som ein livande Regnboge-Voll

av granstore Rosor med svagande Koll ‒ kvite og gule og raude og blaa

med bragande Perlor av Morgondogg paa. Himmelen upp sine Portar slær. og Sjælerne stig som ein Svane-Her

frelste med Frygd fraa sin Vaade. Satan han flyr med si Skuggæ-Ferd. det blenkjer upp med det blidaste Ver. so sigrar Vaarherre sin Naade.

Cookies on Poetry Cove

We use cookies to remember your language preference and — only with your consent — to learn how Poetry Cove is used. You can change your mind any time.
Stormen · Anders Hovden · Poetry Cove