Eg stend paa mi Lukka
og Livs-Ruin,
og heile mi Framtid
gleipar og grin
med spottande Mina,
som aldri vert bytt.
Evr triv mi Fela,
og segjer: Pytt
og spelar ein Halling
i Jammerdalen,
trampar og trallar
dansande galen:
Fala fali falulumlei!
Eg hadde ein Arv
og var tryg for mitt
og aatte for heile
Live Braud:
men so gjeng Banken
ein Dag fallit.
og eg stend att
som den klipte Saud.
og spelar ein Halling
i Jammerdalen,
trallar og trampar
dansande galen:
Fala fali falulumlei!
Eg fær meg ei Kona
so ung og linn.
Me gled os Samdøgere
ut og inn.
Me fær os ein Son.
som er stor og hæv.
og heile Heimen
er gild og g
Ja, daa er det Hugnad
i Jammerdalen,
eg spelar og trampar
dansande galen:
Fala fali falulumlei!
Døydde so baae
og burte var.
Verdi ho vert meg
so undarleg rar.
Og reiv han, Flaumen,
den gamle Bru,
som gjeng yver Stolparne:
Von og Tru
Daa triv eg mi Fela
i Jammerdalen,
spelar og trampar
dansande galen:
Fala fali falulumlei!
No er eg so arm
som aldri før
og sabbar umkring
som ein Kolportør.
Og gamle Gjentor
i Åust og Vest
er mine Syster
g fagnar meg best.
Eg krafsar for Føda
ved Sukking og Talen,
i Løynd so spelar eg
dansande galen:
Fala fali falulumlei!