Augo i det kvitnande Andlit tonar fram som Syrgje-Kvad. Det bleiknande Blod bankar Live i Møte enno ein Gong.
Som Felestrengjer er dei grant stemde, Sansarne, Live ‒ det rikt skiftande ‒ stryk med mjuke Bogedrag yver Strengjerne: Kvinna og Elskhug,
Heim og Systken, Von og Minne, Dag og Sol, Hav og Natt,
Fjell og Foss Skog og Æter, Fivreld og Blomstrar, Rosa og Naaluft ‒ ‒
alt. alt græt og lær og bruser ‒ heile det yrjande, sorgglade Live enno ein Gong ‒ den siste. ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒
Og dei byrjar renna, Taarorne, store og blanke, som draup det or Barmen Perla etter Perla ‒ heile den Livsens dyre Skatten, som Hugen hadde samla
gjenom lange, mødefulle Aar. “Eg er som ein uppturka Sjø ‒ Vatne, det livande klaare, er eima burt, og den sulkute Botnen ligg tevjande mot Dagen
med alle sine klabbne Troll! ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Eg ser attende paa Live mitt, eg legg mine Smil og Taaror paa Vegtskaal ‒
Kvi bry seg vega! Mindre en vaare Graaberg Gull aatte mine Dagar Gleda. Men likevel Live ‒ Live!
Alt mit Blod strøymer imot deg ‒ kvar mi Hjarte-Taag traar til deg ‒ som Barneflokken til si Mor! Gjerne heitte eg Makken i Mold,
berre eg fekk liva og slapp koma ned i den svarte Hola! ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Eg driv av!
Som ein aarelaus Baat driv eg av ut yver Have mot Natti, d' er ingen som ser meg, ingen som hjelper!
‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Far vel Sol, du signade! Enno ein Gong fær eg skoda deg, Dagsens Andllit,
enno ein Gong og so aldri meir. Gjerne var eg Mugg paa fljotande Fjøl berre du vilde skina paa meg! ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒
Og de, drivande Skyer ‒ min Hug flaug hjaa dykk som bland min Systken-Flokk av Englar ‒ Kor ofte rulla de kje upp sæle Heimar for meg
der ut yver Have um Kvelden! ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Dag, du sterke. modige Dag med Livsens onnuge, trygge Ljom,
deg, som eg vyrde som min Far eg, din gladaste Son ‒ no vert eg riven fraa deg! ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒
Stjernenatt ‒ rikare var min Barm paa Voner en din Himmel paa Stjernor ‒ men kva hev eg no atter?
‒ ‒ ‒ Mi Fløyta or vorti til Sorg og Fela mi til Graat; for eg ser ned i den kjøvande Hola ‒ det grys meg gjenom Hug og Hold!
Driv det gjenom Rømdi, vaart Liv, paa maafaa som Snøflokarne. I Angest flyr dei for den kalde Vinden i Læ-Vere tinar dei
og fell som Taaror ned paa dei harde Bergi. Finst her daa ingen Moderbarm aat det skræmde Barn? Naturi ikring os ‒
er ho ein kaldhjarta Fiende, som myrder utan Naade, og der er ingen som bergar? Heit Feber-Skodda av mitt eige raude Blod
kjøver meg inne. Eg vert dregen ned mot Stupe! Det burande Myrkre gløyper meg – no døyr eg visst!
Sovnar mitt Auga for alltid ? Mitt Vit sloknar det for evigt? Dette Mykre her ‒ dagnar det aldri meir ikring meg!
Regner Tusund paa Tusund av Aar ned yver meg ‒ legg det seg Lag paa Lag yver meg av Tid . . . skal eg til Slut liggja som midt inni Jordkula med all den svarte Mold og Gløymska tyngjande paa meg!
‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Elder ‒ svimrande Tanke! ‒ vaknar eg paa nytt og slær Augo upp att i ein evig Dags jublande Ljos,
der Bergi er Gull ‒ Grjote kan ingen meir finna ? ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Aa er det sant:
Dette Liv er ein Kjellar med berre ei liti Straala gjenom Muren ned fraa ein ljos Uppheim, som bragar vaart vaknande Auga i Møte,
straks me er slokna her? ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ ‒ Er det sant, at alt skal verta godt igjen?
Barne, som gjekk villt i Verdi, skal finna att si Mor? Fugleungen, som datt or Reire ‒ ingen skal faa trakka paa han?
Hjarta, slengt paa Myrkelofte, skal fram i Dagen og skina ? Dei nedtrakka Tankar, dei døyvde Sukk ‒ ut i Fridom skal dei sleppast
som Lam or sitt Stengje og leika paa Solskins-Vollar ? Er det sant: Den evige Morgonraude
kjem som. ei ung, glad Mor og vekkjer meg, Barne sitt, upp til udævelegt Liv i Heimen, der all Jordi er Moder-Hjarta og Himmelen berre Fader-Smil?
Mi Aand svingar seg med evig Lerke-Tril høgt upp yver alt svart og vondt? Herre, du Herre der uppe millom Ljosi, Herskararne sin Gud!
eg klengjer meg fast, fast som ein druknande til Planken kvar Bloddropen i meg kjem som heite Taaror
fram for di Aa og bed gjenom mitt siste Sukk: Fader, lat det vera Livsens Sanning!
Cookies on Poetry Cove